Send til 2097:

3LEGER fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

3LEGER 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer
Viktig informasjon om Koronaviruset

3 LEGER

 

Vi oppmuntrer til bruk av HelseNorge.no for elektronisk kommunikasjon med legekontoret.

Logg deg inn på Helsenorge.no på PC eller smarttelefon (App: helsenorge.no), eller bruk "knappene" øverst på denne hjemmesiden. Du kan da gratis få melding om legetimer, motta prøvesvar, og forespørre resepter på faste medisiner. E-konsultasjoner (og eventuelt video/telefonkonsultasjon) har samme egenandel som legetime, og du blir tilsendt faktura via "Credicare/Melin" i etterkant.

Har du forkjølelse/luftvegsinfeksjon skal du ikkje møte direkte opp på legekontoret, men ta kontakt per telefon eller e-konsultasjon dersom du treng å avklare om du treng undersøkelse. Vi vurderer saman om du treng oppmøteundersøkelse på luftvegsklinikk eller Bergen legevakt. 

English: Due to the Corona-virus situation, do not enter the center/doctors office if you have a respiratory tract infection (cough, fever or heavy breath). You can get in touch by phone, or e-consultation (e-konsultasjon). This is to prevent the spread of the virus.

Aktuelt


Fredag 14. mai begrensa åpningstid.

10. mai 2021

Fredag 14.mai vil vi ha begrensa åpningstid til kl 0830-1200.

Ellers i mai normal åpningstid utanom røde dagar/helgedagar. 

Viktig informasjon til deg som har Kristin Hågøy som fastlege

22. desember 2020

Etter mange trufaste år som fastlege i Arna, flytta Kristin Hågøy frå 01.01.2021 drifta av sin fastlegeheimel til Landås. Dette medfører at du som har Dr. Hågøy som fastlege får oppfølging av henne ved det nye legekontoret frå 04.01.2021.

Kontaktinformasjon til det nye legekontoret:

Landåslegene, 

Natlandsveien 89, 5094 Bergen 

Telefon 55273500

Du treng ikkje å foreta deg noko i forbindelse med flyttinga. Journalen din vil følge fastlege Hågøy til det nye kontoret, og allerede oppsette timar gjeld, men då med oppmøte på det nye legekontoret Landåslegene.

Vi har i lang tid jobba for å få ny fastlege til kontoret, slik at det kunne vere fastlege ved legekontoret å bytte til, men dette har til no ikkje lykkast. At det er reell mulighet til å bytte fastlege er eit kommunalt ansvar.  

Vaksinasjon mot Covid-19

18. desember 2020

Vidare vaksinering av personar som ikkje er i risikogruppene, vil skje ved kommunalt vaksinasjonssenter. I Arna er dette Arna Helseheim: 

https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/koronavirus/vaksinering/slik-blir-vaksineringen/vaksine-mot-korona
 
Nokre pasientar tilhøyrer gruppe med høg eller moderat risiko for alvorlig forløp av covid-19 (Prioriteringsgruppe 4-7), og desse skal no ha blitt oppringt og tilbudt vaksine ved legekontoret. Dersom du er i definert risikogruppe og ikkje har blitt tilbudt vaksine ved legekontoret enno, så ta kontakt med oss. 
 
Når vi ringer, ver oppmerksom på at nokre som ikkje har vårt telefonnummer lagra kan få opp "telefonsalg" eller liknande på telefonen. 
 

Influensavaksine for 2020-2021

23. september 2020

Årets influensavaksine er framleis tilgjengeleg på legekontoret, også til dei utanfor risikogruppe. 

Grunna pågåande smitteverntiltak vil det i år ikkje bli sett vaksine som «drop-in», uten avtale. Ta kontakt på telefon, eller med HelseNorge "Bestille en time".

Dersom du har eller vil ha ein planlagt legetime, kan du i legetimen be om å få sett influensavaksina.

 

Følgende personer anbefales influensavaksine:

  • Alle fra og med fylte 65 år
  • Beboere i omsorgsbolig og sykehjem:  NB! Egen vaksine, FLUAD, kommer i november
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko skal også få tilbud om vaksine
  • Barn og voksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesykdom (inkludert astma)
    • kronisk hjerte-/karsykdom, spesielt personer med alvorlig hjertesvikt, lavt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sykdom eller skade, spesielt personer med nedsatt lungekapasitet
    • nedsatt immunforsvar som følge av sykdom eller behandling av sykdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sykdommer)
    • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
    • annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefales influensavaksine til følgende grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til personer med nedsatt immunforsvar
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levende griser

Til deg som har Therese Strømsli som registrert fastlege

11. september 2020

Therese Strømsli har dessverre sluttet som fastlege. Det er ikke enda ansatt ny fastlege, fastlegevikar Vidar Pettersen betjener fastlegelisten. Det er ingen endringer i tilbud gjennom helsenorge.no.  Avtalte legetimer, og timebestilling fungerer som normalt. 
Når du har legetime er det fint om du ikke bruker din legetimetid på å snakke om dette, men fokuserer på det du ønsker hjelp til. 

Fastlegekontoret og Koronavirus-epidemien

15. mai 2020

For å redusere smittespredning vil vi på legekontoret forsøke å redusere oppmøtekontakter. Men vi er her og er tilgjengelige. Vi nyttar mykje e-konsultasjon, og telefon/video-konsultasjon. E-konsultasjon vil vi forsøke å besvare innan 3 virkedagar, eventuelt ringe deg opp eller starte videokonsultasjon. Dette er ikkje like godt som vurdering i same rom, men i ein periode no sterkt anbefalt der dette er godt nok. Om det er behov for å kome inn til undersøkelse eller prøver har vi gode rutiner for dette. 

E-konsultasjon er ikkje egna for akutt alvorlig sjukdom. Då må du ringe oss, 116117 (legevakt) eller 113 alt etter hastegrad. Ved avtalt oppmøtetime: møt opp presis (ikkje i god tid), sprit hender på veg inn, ta berør minst mogleg, og sprit hender på veg ut. 

 

Venteromreglar: Tilstreb å kome presis til time, ikkje i god tid, for å unngå tid på venterommet. Tilstreb å sette deg 2 meter frå andre på venterommet. Hald 2 meters avstand til den framom deg ved ekspedisjonen. Dersom du kjem for td. blodprøver og ser der er mykje folk på venterommet, kom tilbake ein annan gong, eller ring oss. 

 

Om du har eller ønsker vanlig avtalt legetime for sjukdomsoppfølging har vi bra kapasitet for dette no. Du kan ringe eller sende timeforespørsel for å avtale oppmøtetime, telefonkonsultasjon eller videokonsultasjon. Om du ikkje brukar digitale tenester (e-konsultasjon), så ringer vi deg opp i legetimetida, og tek legetimen over telefon, eller avtalar oppmøte for undersøkelse. Ver obs på at vi lege ofte ringer med skjult/"privat" nummer.

Har du sjukdom eller medisinar som vanligvis vert fulgt opp med regelmessige kontrollar, er det ekstra viktig at desse vert godt fulgt opp no. Ta derfor kontakt for oppfølgingstime som vanlig, sjølv om vi då gjerne startar med telefonkonsultasjon eller videokonsultasjon.

Videokonsultasjon er litt nytt for både deg og oss, så ikkje tenk på korleis du framstår, men sitt gjerne ein stad med greit lys, og god dekning/trådlaust nett. 

 

Usikker på om du har koronavirus?

Her kan du finne ut om du er anbefalt å teste deg, eller kva du skal gjere: 

https://koronasjekk.no/

Oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om Korona: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 

E-konsultasjon startar du via Helsenorge.no. Vi kan utifrå denne vurdere å ringe deg eller ved behov opprette videokonsultasjon, eller avtale oppmøte for undersøkelse. E-konsultasjon kostar det same som vanlig konsultasjon, du får sendt faktura frå "credicare" i etterkant av timen.

 

Ved Karantene utan sjukdom som treng å bli vurdert av lege: Høyr først med din arbeidsgiver om du kan nytte utvida egenmelding.

Treng du sjukemelding; send oss ein e-konsultasjon med infromasjon:

"Registrering av karantene. Årsak til karantene:, tidspunkt for start karantene: , og evt reiseinformasjon:,  smitteinformasjon: ".  

 

Til dei som møter opp på kontoret: sprit hender på veg inn, berør minst mogleg, stå 1 meter frå ekspeluka, og sprit hendene på veg ut. 

 

 

 

 

Om fastlegekontoret

27. mai 2018

Vi er her for deg som pasient. Det vi har utdanna oss til, får betalt for, og har glede av, er å hjelpe deg til god helse. Hovudoppgåva vår er diagnostikk og behandling av sjukdom. Vi har etter kvart også fått oppgåver som ikkje har direkte med sjukdomshandsaming å gjere, som til dømes sjukmelding, attestering av sjukdom, vurdering av helsemessige krav i ulike høve, til dømes for førerkort og liknande. Vi kommuniserer også med spesialisthelsetenesta, NAV, heimesjukepleie og multiple andre instansar for å hjelpe deg. Også dette kan være viktige oppgåver i oppfølging av di helse. Men ved akutt sjukdom som treng vurdering øyeblikkelig, eller same dag, må vi prioritere dette. Dette kan ofte medføre at vi er forsinka, eller må avkorte eller utsette oppgåver som ikkje er av akutt art. Vi veit at dette kan opplevast urimeleg der og då, men håpar på forståelse for at vi gjer dette til alle våre pasientar sitt beste.  

Vi har mange tilgjengelege legetimar kvar dag, i staden for lange timar, for å kunne sortere og prioritere i mange pasientar sine plager. Det er derfor ikkje sjeldan at ein må ha fleire legetimar ved omfattanda problemstillingar, eller fleire problemstillingar. Dette er vår arbeidsmetode for å kunne gjere gode prioriteringar, og hjelpe flest mogleg. Du kan nytte legetimen din best mogleg ved å først ta opp det som er viktigast for deg å få avklart. 

Kommunikasjonsmåtar til legekontoret

Vi ønsker å ha god tilgjengelighet på telefon, men kapasiteten strekk ikkje alltid til. Spesielt mellom kl 0830 og 0930 er det stor pågang, og det kan bli ventetid på telefonen. Vi ønsker at denne telefontida vert nytta av dei som treng time same dag for vurdering av akutt sjukdom. Du kan unngå lang ventetid ved å ringe seinare på dagen dersom det ikkje gjeld akutt sjukdom, eller bruke alternative kanalar som e-konsultasjon eller e-kontakt. Er det snakk om akutt, alvorleg sjukdom, ring 113. 

Vi har per no også tilbod om e-konsultasjon/videokonsultasjon. Kommunikasjon per e-post er ikkje tilgjengeleg av personvernhensyn. 

Ved kvar blodprøve, resept, sjukemelding, henvisining og attest skal det gjerast ei legevurdering. Derfor skal alt dette takast opp i legetime dersom ikkje anna er spesifikt avtalt med legen. Reseptfornying på fast medisin som fastlegen alt har vurdert kan gjerast ved reseptforespørsel via HelseNorge.no, eller telefon. 

Kva tilbyr vi? 

Det enkle svaret er vanleg legevurdering av plagene dine. Vi ønsker deg velkomen med akkurat dei plagene du har. Vegen vidare derifrå finn vi ut ilag. Dersom du ved timebestilling seier litt om kva du ønsker vurdering av til våre helsesekretærar, kan dei hjelpe deg vidare. 

Betaling ved kontoret

27. mai 2018

Vi har betalingsautomat på venterommet hos oss. På denne kan det betalast med bankkort, Visa eller Mastercard.

E-konsultasjonar og telefonkonsultasjonar har egenandel på lik linje med oppmøtetime. Du vil då i etterkant motta mobilbetaling for eventuell egenandel (om du ikkje har frikort), eventuelt bli tilsendt faktura. 

For dei som har eit ønske om å betale med kontantar, kan dette gjerast i ekspedisjonen.

Betalingsautomaten er tilknytta betalingsbyrået Convene AS (tidlegare Melin Medical AS), som står for utsending av faktura, betalingspåminningar, og inkassosaker.

Dersom du får ordna noko som krever betaling  (td. attestar, sjukmelding) utan at du møter opp på kontoret, kan du kome å betale på betalingsautomaten same dag som det er ordna, og dersom det ikkje vert betalt før midnatt vil Convene sende ut ein faktura med eit ekstra faktureringsgebyr.

Det skal framgå kva betaling gjeld, og dato, på fakturaen.

Om du ikkje mottek mobilbetaling eller faktura som forventa, ta kontakt med oss. 

 

Sykemeldinger, henvisninger, resepter, attester

23. mai 2011

Både sykemeldinger, henvisninger, resepter og attester fra fastlege innebærer en legevurdering.

For at vi skal ha grunnlag for å gjøre nødvendige vurderinger av dette, er det mest hensiktsmessig å ta det i en legetime.

Resept på fast medisin, eller behovsmedisin, som allerede er avtalt med din fastlege kan forespørres via HelseNorge.no, og vil som hovudregel bli fornyet innen 2 virkedager. 

Er du i tvil om du må ha legetime, ta kontakt på telefon.

Oppfordring til bruk av HelseNorge.no

27. august 2010

For bestilling av faste resepter, bestilling av time som ikke haster, oppfordres det til å benytte seg av elektronisk kommunikasjon via HelseNorge.no (PC eller app). Dette vil frigjøre tid på telefonen, slik at det blir lettere for deg å komme igjennom på telefonen en gang det haster mer. Meldinger mottatt sent på dag besvares neste dag.