Vi har betalingsautomat på venterommet hos oss. På denne kan det betalast med bankkort, Visa eller Mastercard.

E-konsultasjonar og telefonkonsultasjonar har egenandel på lik linje med oppmøtetime. Du vil då i etterkant motta mobilbetaling for eventuell egenandel (om du ikkje har frikort), eventuelt bli tilsendt faktura. 

For dei som har eit ønske om å betale med kontantar, kan dette gjerast i ekspedisjonen.

Betalingsautomaten er tilknytta betalingsbyrået Convene AS (tidlegare Melin Medical AS), som står for utsending av faktura, betalingspåminningar, og inkassosaker.

Dersom du får ordna noko som krever betaling  (td. attestar, sjukmelding) utan at du møter opp på kontoret, kan du kome å betale på betalingsautomaten same dag som det er ordna, og dersom det ikkje vert betalt før midnatt vil Convene sende ut ein faktura med eit ekstra faktureringsgebyr.

Det skal framgå kva betaling gjeld, og dato, på fakturaen.

Om du ikkje mottek mobilbetaling eller faktura som forventa, ta kontakt med oss.