Per 2023 tar vi imot pasientar til infeksjonsvurdering omlag som før covid-tida. Men vi ønsker å styre når du kjem til luftveisinfeksjonsvurdering, så ring oss for å avtale oppmøte til undersøkelse. 

E-konsultasjon er ikkje egna for vurdering av akutt alvorlig sjukdom. Då må du ringe oss, 116117 (legevakt) eller 113 alt etter hastegrad. Ved avtalt oppmøtetime: møt opp presis (ikkje i god tid), sprit hender på veg inn, ta berør minst mogleg, og sprit hender på veg ut.  

Usikker på noko angåande koronavirus?

Her kan du finne meir informasjon: 

https://koronasjekk.no/

Oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om Korona: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 

E-konsultasjon startar du via Helsenorge.no. Vi kan utifrå denne vurdere å ringe deg eller avtale oppmøtetime for undersøkelse. E-konsultasjon kostar det same som vanlig konsultasjon, du får sendt mobilbetalingsmelding eller faktura frå faktureringsbyrå i etterkant av timen.

 

Ved behov for sjukmelding: Høyr først med din arbeidsgiver om du kan nytte utvida egenmelding.

Treng du sjukemelding; send oss ein e-konsultasjon med informasjon om grunn for behov for sykemelding, og datoar du ønsker sykemelding for. Dersom du ikkje har fått sykemelding for samme arbeidsforhold frå oss tidligare, treng vi informasjon om arbeidsgiver og stilling og stillingsprosent. 

Til dei som møter opp på kontoret: sprit hender på veg inn, berør minst mogleg, stå 1 meter frå ekspedisjonsluka, og sprit hendene på veg ut.