Etter mange trufaste år som fastlege i Arna, flytta Kristin Hågøy frå 01.01.2021 drifta av sin fastlegeheimel til Landås. Dette medfører at du som har Dr. Hågøy som fastlege får oppfølging av henne ved det nye legekontoret frå 04.01.2021.

Kontaktinformasjon til det nye legekontoret:

Landåslegene, 

Natlandsveien 89, 5094 Bergen 

Telefon 55273500

Du treng ikkje å foreta deg noko i forbindelse med flyttinga. Journalen din vil følge fastlege Hågøy til det nye kontoret, og allerede oppsette timar gjeld, men då med oppmøte på det nye legekontoret Landåslegene.

Vi har i lang tid jobba for å få ny fastlege til kontoret, slik at det kunne vere fastlege ved legekontoret å bytte til, men dette har til no ikkje lykkast. At det er reell mulighet til å bytte fastlege er eit kommunalt ansvar.