Dei som er 80 år og eldre skal no ha blitt oppringt og fått tilbod om vaksine. Dersom du ikkje har fått vaksine no (per 24. mars), men ønsker det, må du ringe legekontoret. 

Det vil frå veke 13 bli tilbud om vaksinering ved Arna helseheim. Du kan følge med på Bergen kommune si heimeside når di aldersgruppe er invitert til å bestille vaksinasjonstime:

 
https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/koronavirus/vaksinering/slik-blir-vaksineringen/vaksine-mot-korona
 
Nokre pasientar tilhøyrer gruppe med høg risiko for alvorlig forløp av covid-19, og desse vil bli oppringt og tilbudt vaksine ved legekontoret.