For å redusere smittespredning vil vi på legekontoret forsøke å redusere alle oppmøtekontakter. Derfor bruker vi mykje e-konsultasjon no. E-konsultasjon vil vi forsøke å besvare same eller neste virkedag, eventuelt ringe deg opp eller starte videokonsultasjon. Dette er ikkje like godt som vurdering i same rom, men i ein periode no sterkt anbefalt der dette er godt nok. Om du må inn til undersøkelse eller prøver har vi gode rutiner for dette, også i denne perioden. 

E-konsultasjon er ikkje egna for akutt alvorlig sjukdom. Då må du ringe oss, 116117 (legevakt) eller 113 alt etter hastegrad. Ved avtalt oppmøtetime: møt opp presis (ikkje i god tid), sprit hender på veg inn, ta i minst mogleg, og sprit hender på veg ut. 

 

English: Due to the Corona-virus situation, do not enter the center/doctors office without getting in touch with us first. You can get in touch by phone, or e-consultation(e-konsultasjon). This is to prevent the spread of the virus.

 

Om du har eller ønsker vanlig avtalt legetime for sjukdomsoppfølging har vi bra kapasitet for dette no. Vi lar derfor timen stå, du får påminning som vanlig, men skal utanom spesiell avtale ikkje møte opp fysisk. Du kan gjerne same dag som legetimen sende e-konsultasjon om kva det gjeld. Om du ikkje brukar digitale tenester (e-konsultasjon), så ringer vi deg opp i legetimetida, og tek legetimen over telefon, eller avtalar oppmøte for undersøkelse. Har du sjukdom eller medisinar som vanligvis vert fulgt opp med regelmessige kontrollar, er det ekstra viktig at desse vert godt fulgt opp no. Ta derfor kontakt for oppfølgingstime som vanlig, sjølv om vi då gjerne startar med telefonkonsultasjon eller videokonsultasjon.

Videokonsultasjon er litt nytt for både deg og oss, så ikkje tenk på korleis du framstår, men sitt gjerne ein stad med greit lys, og god dekning/trådlaust nett. 

 

Usikker på om du har koronavirus?

Her kan du finne ut om du er anbefalt å teste deg, eller kva du skal gjere: 

https://koronasjekk.no/

Se definisjon av hvem som skal testes i FHI informasjon her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/testing-og-diagnostikk-for-nytt-koronavirus-coronavirus/

Oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om Korona: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 

Har du forkjølelse/luftvegsinfeksjon skal du ikkje møte direkte opp på legekontoret, men ta kontakt per telefon eller e-konsultasjon dersom du treng å avklare om du treng å møte opp. Vi har også moglegheit for videokonsultasjon der vi tenker dette høver. 

 

E-konsultasjon startar du via Helsenorge.no. Vi kan utifrå denne vurdere å ringe deg eller ved behov opprette videokonsultasjon, eller avtale oppmøte for undersøkelse. E-konsultasjon kostar det same som vanlig konsultasjon, du får sendt faktura frå "credicare" i etterkant av timen.

 

Ved Karantene utan sjukdom som treng å bli vurdert av lege: ikkje ring, ikkje møt opp. Høyr først med din arbeidsgiver om du kan nytte utvida egenmelding.

Treng du sjukemelding; send oss ein e-konsultasjon med infromasjon:

"Registrering av karantene. Årsak til karantene:, tidspunkt for start karantene: , og evt reiseinformasjon:,  smitteinformasjon: ".  

 

Til dei som må møte opp på kontoret: sprit hender på veg inn, ta i minst mogleg, stå 1 meter frå ekspeluka, og sprit hendene på veg ut. 

 

Pneumokokkvaksine? Mange spør etter dette no, då det vanligvis er anbefalt ganske mange. I situasjonen no er det mangel, og derfor skal berre dei som har nedsett immunforsvar ha dette. Sjå FHI.no for kven som no er anbefalt å ta vaksina:

https://www.fhi.no/meldinger/begrenset-tilgang-pa-pneumokokkvaksine/