Send til 2097:

3LEGER fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

3LEGER 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer
Viktig informasjon om Koronaviruset

Influensavaksine for 2020-2021

23. september 2020

Årets influensavaksine vil bli forbeholdt dei som er i gruppene som er lista opp underst her.

Influensavaksina er venta tilgjengelig for setting på legekontoret i veke 44, frå 26.10.2020. Folkehelseinstituttet anbefalar å ikkje ta influensavaksina for tidlig, då effekten kan gå noko ut før influensasesongen kjem. Derfor er det fint om du får gjordt dette frå slutten av oktober, og før jul.

Grunna pågåande smitteverntiltak vil det i år ikkje bli sett vaksine som «drop-in», uten avtale.

Dersom du har eller vil ha ein legetime i denne perioden, og er i gruppa for dei som anbefalast å ta vaksina, kan du i legetimen be om å få sett influensavaksina.

Dersom du ikkje treng legetime i denne perioden, men er i anbefalt vaksineringsgruppe kan du sende oss ein timeforespørsel med teksten: «ønsker time til influensavaksine», og kva risikogruppe du er i, så vil du etter kvart motta ein oppmøtetime for vaksinering.

Følgende personer anbefales influensavaksine:

I tillegg anbefales influensavaksine til følgende grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):

Til deg som har Therese Strømsli som registrert fastlege

11. september 2020

Therese Strømsli har dessverre sluttet som fastlege. Det er ikke enda ansatt ny fastlege, men vi har vikar som vil tilby helsehjelp for deg som er pasient på listen. Det er ingen endringer i tilbud gjennom helsenorge.no.  Det vil sendes ut timeendringer der det er aktuelt, legetimer ellers vil gå som planlagt. 
Når du har legetime er det fint om du ikke bruker din legetimetid på å snakke om dette, men fokuserer på det du ønsker hjelp til. 

Fastlegekontoret og Koronavirus-epidemien

15. mai 2020

For å redusere smittespredning vil vi på legekontoret forsøke å redusere oppmøtekontakter. Men vi er her og er tilgjengelige. Vi nyttar mykje e-konsultasjon, og telefon/video-konsultasjon. E-konsultasjon vil vi forsøke å besvare innan 3 virkedagar, eventuelt ringe deg opp eller starte videokonsultasjon. Dette er ikkje like godt som vurdering i same rom, men i ein periode no sterkt anbefalt der dette er godt nok. Om det er behov for å kome inn til undersøkelse eller prøver har vi gode rutiner for dette. 

E-konsultasjon er ikkje egna for akutt alvorlig sjukdom. Då må du ringe oss, 116117 (legevakt) eller 113 alt etter hastegrad. Ved avtalt oppmøtetime: møt opp presis (ikkje i god tid), sprit hender på veg inn, ta berør minst mogleg, og sprit hender på veg ut. 

 

Venteromreglar: Tilstreb å kome presis til time, ikkje i god tid, for å unngå tid på venterommet. Tilstreb å sette deg 2 meter frå andre på venterommet. Hald 2 meters avstand til den framom deg ved ekspedisjonen. Dersom du kjem for td. blodprøver og ser der er mykje folk på venterommet, kom tilbake ein annan gong, eller ring oss. 

 

Om du har eller ønsker vanlig avtalt legetime for sjukdomsoppfølging har vi bra kapasitet for dette no. Du kan ringe eller sende timeforespørsel for å avtale oppmøtetime, telefonkonsultasjon eller videokonsultasjon. Om du ikkje brukar digitale tenester (e-konsultasjon), så ringer vi deg opp i legetimetida, og tek legetimen over telefon, eller avtalar oppmøte for undersøkelse. Ver obs på at vi lege ofte ringer med skjult/"privat" nummer.

Har du sjukdom eller medisinar som vanligvis vert fulgt opp med regelmessige kontrollar, er det ekstra viktig at desse vert godt fulgt opp no. Ta derfor kontakt for oppfølgingstime som vanlig, sjølv om vi då gjerne startar med telefonkonsultasjon eller videokonsultasjon.

Videokonsultasjon er litt nytt for både deg og oss, så ikkje tenk på korleis du framstår, men sitt gjerne ein stad med greit lys, og god dekning/trådlaust nett. 

 

Usikker på om du har koronavirus?

Her kan du finne ut om du er anbefalt å teste deg, eller kva du skal gjere: 

https://koronasjekk.no/

Oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om Korona: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 

E-konsultasjon startar du via Helsenorge.no. Vi kan utifrå denne vurdere å ringe deg eller ved behov opprette videokonsultasjon, eller avtale oppmøte for undersøkelse. E-konsultasjon kostar det same som vanlig konsultasjon, du får sendt faktura frå "credicare" i etterkant av timen.

 

Ved Karantene utan sjukdom som treng å bli vurdert av lege: Høyr først med din arbeidsgiver om du kan nytte utvida egenmelding.

Treng du sjukemelding; send oss ein e-konsultasjon med infromasjon:

"Registrering av karantene. Årsak til karantene:, tidspunkt for start karantene: , og evt reiseinformasjon:,  smitteinformasjon: ".  

 

Til dei som møter opp på kontoret: sprit hender på veg inn, berør minst mogleg, stå 1 meter frå ekspeluka, og sprit hendene på veg ut. 

 

 

 

 

Om fastlegekontoret

27. mai 2018

Vi er her for deg som pasient. Det vi har utdanna oss til, får betalt for, og har glede av, er å hjelpe deg til god helse. Hovudoppgåva vår er diagnostikk og behandling av sjukdom. Vi har etter kvart også fått oppgåver som ikkje har direkte med sjukdomshandsaming å gjere, som til dømes sjukmelding, attestering av sjukdom, vurdering av helsemessige krav i ulike høve, til dømes for førerkort og liknande. Vi kommuniserer også med spesialisthelsetenesta, NAV, heimesjukepleie og multiple andre instansar for å hjelpe deg. Også dette kan være viktige oppgåver i oppfølging av di helse. Men ved akutt sjukdom som treng vurdering øyeblikkelig, eller same dag, må vi prioritere dette. Dette kan ofte medføre at vi er forsinka, eller må avkorte eller utsette oppgåver som ikkje er av akutt art. Vi veit at dette kan opplevast urimeleg der og då, men håpar på forståelse for at vi gjer dette til alle våre pasientar sitt beste.  

Vi har mange tilgjengelege legetimar kvar dag, i staden for lange timar, for å kunne sortere og prioritere i mange pasientar sine plager. Det er derfor ikkje sjeldan at ein må ha fleire legetimar ved omfattanda problemstillingar, eller fleire problemstillingar. Dette er vår arbeidsmetode for å kunne gjere gode prioriteringar, og hjelpe flest mogleg. Du kan nytte legetimen din best mogleg ved å først ta opp det som er viktigast for deg å få avklart. 

Kommunikasjonsmåtar til legekontoret

Vi ønsker å ha god tilgjengelighet på telefon, men kapasiteten strekk ikkje alltid til. Spesielt mellom kl 0830 og 0930 er det stor pågang, og det kan bli ventetid på telefonen. Vi ønsker at denne telefontida vert nytta av dei som treng time same dag for vurdering av akutt sjukdom. Du kan unngå lang ventetid ved å ringe seinare på dagen dersom det ikkje gjeld akutt sjukdom, eller bruke alternative kanalar som e-konsultasjon eller e-kontakt. Er det snakk om akutt, alvorleg sjukdom, ring 113. 

Vi har per no også tilbod om e-konsultasjon/videokonsultasjon. Kommunikasjon per e-post er ikkje tilgjengeleg av personvernhensyn. 

Ved kvar blodprøve, resept, sjukemelding, henvisining og attest skal det gjerast ei legevurdering. Derfor skal alt dette takast opp i legetime dersom ikkje anna er spesifikt avtalt med legen. Reseptfornying på fast medisin som fastlegen alt har vurdert kan gjerast ved reseptforespørsel via HelseNorge.no, eller telefon. 

Kva tilbyr vi? 

Det enkle svaret er vanleg legevurdering av plagene dine. Vi ønsker deg velkomen med akkurat dei plagene du har. Vegen vidare derifrå finn vi ut ilag. Dersom du ved timebestilling seier litt om kva du ønsker vurdering av til våre helsesekretærar, kan dei hjelpe deg vidare. 

Betaling ved kontoret

27. mai 2018

Vi har no betalingsautomat på venterommet hos oss. På denne kan det betalast med bankkort, Visa eller Mastercard.

For dei som har eit ønske om å betale med kontantar, kan dette gjerast i ekspedisjonen.

Betalingsautomaten er tilknytta betalingsbyrået Melin Medical AS, som står for utsending av faktura, betalingspåminningar, og inkassosaker.

Dersom du får ordna noko som krever betaling  (td. attestar, sjukmelding) utan at du møter opp på kontoret, kan du kome å betale på betalingsautomaten same dag som det er ordna, og dersom det ikkje vert betalt før midnatt vil Melin sende ut ein faktura med eit ekstra faktureringsgebyr til Melin.

Det skal framgå kva betaling gjeld, og dato, på fakturaen.

 

Sykemeldinger, henvisninger, resepter, attester

23. mai 2011

Både sykemeldinger, henvisninger, resepter og attester fra fastlege innebærer en legevurdering.

For at vi skal ha grunnlag for å gjøre nødvendige vurderinger av dette, er det mest hensiktsmessig å ta det i en legetime.

Resept på fast medisin, eller behovsmedisin, som allerede er avtalt med din fastlege kan forespørres via HelseNorge.no, og vil som hovudregel bli fornyet innen 2 virkedager. 

Er du i tvil om du må ha legetime, ta kontakt på telefon.

Oppfordring til bruk av HelseNorge.no

27. august 2010

For bestilling av faste resepter, bestilling av time som ikke haster, oppfordres det til å benytte seg av elektronisk kommunikasjon via HelseNorge.no (PC eller app). Dette vil frigjøre tid på telefonen, slik at det blir lettere for deg å komme igjennom på telefonen en gang det haster mer. Meldinger mottatt sent på dag besvares neste dag.